HeimNyheiterInformasjonsmøte - "Menn i helse"

Informasjonsmøte - "Menn i helse"

Samnanger kommune søkjer no etter vaksne arbeidssøkjande menn som vil tilbydast ei unik moglegheit til å ta fagbrev som helsefagarbeidar gjennom "Menn i helse".

Utdanninga er komprimert og tilrettelagd for arbeidssøkjande menn i alderen 25 – 55+. Deltakarane får tittelen helserekruttar og under utdanninga blir det veksla mellom å få yting frå Nav og lønn frå kommunen.

PÅMELDING TIL INFORMASJONSMØTE

Ta sjansen å bli med på eit uforpliktande informasjonsmøte der det blir gitt informasjon utdanninga, økonomi og jobbmoglegheitene. Helserekruttar frå tidlegare kull er òg til stades og deler erfaringane og tilrådingane sine.

  • Tid og stad: 30.01.24. kl. 12-14. Amalie Skram vidaregåande skule, Lungegårdskaien, Bergen, Noreg
  • Meld deg på her: Nav kursoversikt

Her vil det bli orientert om Menn i helse, utdanninga og jobbmoglegheitene.
I etterkant av møtet vil det bli gjennomført intervju. Etter intervju vil eigna og motiverte kandidatar blir tilbode ein 12 vekers rettleidd praksisperiode som helserekrutt på sjukeheim eller tilsvarande. Deretter er det sommarjobb og vidare utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar.


Er du vår neste mann? Grip moglegheita!
Kjenner du nokon som fortener moglegheita? Tips dei om Menn i helse!


Har du spørsmål om Menn i helse?

Ta kontakt med fylkeskoordinator: Kjetil Kvidahl
• Telefon: 977 48 055
• E-post: Kjetil@mennihelse.no


Sist oppdatert: 09.01.2024
Publisert: 08.01.2024