HeimNyheiterKva er beste traseen for E134 mellom Oslo og Bergen?

Kva er beste traseen for E134 mellom Oslo og Bergen?

Møtetema og møtedeltakarar

På oppfordring frå Samferdselsdepartementet har Statens vegvesen fått i oppdrag å greie ut KVU for arm frå E134 til Bergen. Arbeidet nærmar seg ferdigstilling, og konklusjon er venta før sumaren. Eitt av alternativa som framleis er med i utgreiinga, er å føre vegen vidare via Norheimsund gjennom Samnanger med tilknyting til E16 (K5) ved Trengereid. 

Porsjektgruppa v/Morten Ask og Inge Alsaker kjem til Samnanger for å orientera om trasevala dei har arbeidd med. 

Matti Torgersen vil òg vera til stades for å orientera/svara på spørsmål om fylkesveg-nettet i og omkring Samnanger. Framdriftsplanar og bompengefinansiering er aktuelle tema. 

Lenke opptak frå møtet

Informasjonsmøtet vart direkteoverført på internett på møtedagen 16. mars 2023, og opptak frå møtet er no tilgjengeleg. 

Møtet vart arrangert av Samnanger kommune og Samnanger Næringsforum. 


Sist oppdatert: 17.03.2023
Publisert: 10.03.2023