HeimNyheiterInnfører ekstraordinært forbod mot bruk av eld utandørs

Innfører ekstraordinært forbod mot bruk av eld utandørs

Forbodet gjeld frå og med 16. juni kl 12:00 til og med 23. juni kl. 12.00.
Publisert: 16.06.2023
Sist endra: 22.06.2023

I kommunane Bergen, Osterøy, Vaksdal og Samnanger vert det frå og med 16. juni 2023 kl. 12.00 innført eit ekstraordinært forbod mot bruk av eld utandørs.

No blir det ikkje lov å tenna eld eller grilla i offentlege tilgjengelege parkar og friluftsområde, på tilrettelagde badeplassar eller på kommunanes tilrettelagde bål- og grillplassar. Forbodet gjeld òg sankthansbål.

Frå før av gjeld det generelle bålforbodet i eller i nærleiken av skog og anna utmark i perioden 15. april til 15. september. Både det generelle og det ekstraordinære forbodet inneber alle typar grillar, stormkjøkken, bål, eingongsgrillar og bålpanner for å nemna noko.

Svært stor brannfare i det tørre terrenget

Bakgrunnen for innføring av denne lokale forskrifta er den svært store brannfaren i terrenget i Vestland fylke. Det fine vêret har ført til at det er svært tørt i fleire område i regionen, til liks med store delar av Sør-Noreg elles.

- Den siste veka har brannvesenet rykt ut til ei rekkje gras- og lyngbrannar i Vestland. Så seint som onsdag 14. juni hadde me ein krevjande brann i terrenget i Samnanger kommune, og denne viser tydeleg kor kritisk situasjonen er no. Derfor ser me oss nøydde til å innføra strengare restriksjonar, seier brannsjef Janicke Larsen.

Varigheit

Den mellombelse forskrifta varer frå og med 16. juni kl. 12.00 og til og med 30. juni. (Oppdatering 22. juni: Det er 22. juni bestemt at forskrifta blir oppheva frå og med 23. juni kl. 12.00). Dersom brannfaren vert vesentleg redusert i løpet av denne perioden, vil det vurderast å oppheva forskrifta tidlegare. Ein opphevelse vil varslast på lik linje som innføringa av forbodet.

Ved opphevelse av det ekstraordinære forbodet vil det generelle bålforbodet stadig gjelde. Dette forbodet gjeld kvart år frå 15. april til 15. september i heile landet, og forbyr som ein hovudregel å gjera opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark.

I kva område gjeld det ekstraordinære forbodet?

Forbodet gjeld offentlege tilgjengelege parkar og friluftsområde, tilrettelagde badeplassar og kommunanes tilrettelagde bål- og grillplassar.

Ingen sankthansbål

Forbodet inneber at det ikkje er lov med sankthansbål i år.

Verksemder må vurdera brannrisiko

Me ber verksemder, som driv med eksempelvis skogdrift, linjearbeid under kraft og tele, kantklipping av vegnettet, sliping av jernbanelinjer og liknande om å vurdera risikoen for brann og etablera tiltak for å redusera risikoen til eit akseptabelt nivå.

Lov å grilla i eigen hage

Det er framleis lov å grilla i eigen hage. Alle som bur og oppheld seg i Bergen, Osterøy, Vaksdal og Samnanger må likevel vera aktsame med bruk av grillar og anna som kan forårsaka brann òg på privat grunn, spesielt på balkongar, terrassar og i hagar.

Det kan òg grillast på større asfalterte eller gruslagde område, som skulegardar, parkeringsplassar og idrettsplassar, så sant desse ikkje ligg nær brennbar vegetasjon. Som alltid, pliktar den enkelte å visa varsemd ved gjennomføring av aktivitet som kan føra til brann.


Håpar innbyggjarane vil hjelpa

- I desse dagar er det så tørt at all bruk av eld utandørs representerer ein brannfare. Me håpar og trur at innbyggjarane vil hjelpa oss med å forhindra at brannar oppstår, uttaler brannsjef Janicke Larsen.