HeimNyheiterInnspel til oversikt over fritidstilbod

Innspel til oversikt over fritidstilbod

Samnanger kommune ønskjer å lage ei samla oversikt over faste fritidsaktivitetar for innbyggarane i kommunen.

Ønskje er at det det vert enklare for innbyggarar i alle aldrar å finne fritidsaktivitetar, og veta kva tilbod som fins.
Samstundes kan dette bidra til rekruttering i frivillige lag og organisasjonar, og synleggjera om det er nokre grupper som ikkje har eit tilbod.

Bidrag til oversikta er sjølvsagt frivillig, men me håpar at dette opplevast som relevant for dykk!

I første omgang vert oversikta publisert på Samnanger kommune si heimeside.
Om det vert behov for andre informasjonsplattformar må me sjå etter kvart.

Ber om at følgjande skjema vert nytta til å fylle ut informasjon om dykkar aktivitet/aktivitetar:
https://multiform.kf.no/cng/IKTNH/fritidsaktivitet-SA

I skjema vert det bedt om følgjande opplysningar:
• Type fritidsaktivitet
• Aldersgruppe (alder frå-til)
• Når skjer aktiviteten (dag og klokkeslett)
• Kor skjer aktiviteten (adresse)
• Kort skildring av aktiviteten
• Dette kostar det å delta
• Naudsynt utstyr
• Anna informasjon
• Arrangør
• Kontaktperson (namn, telefonnummer, epost)
• Sosiale media
• Lenke til heimeside

Me set stor pris på om de delar informasjonen med andre aktuelle i dykkar nettverk.


Sist oppdatert: 08.01.2024
Publisert: 27.12.2023