Innspelsmøte om plassering av fleirbruks-/idrettshall 07.02.22
Samnanger kommune ønskjer å invitere til innspelsmøte om alternative plasseringar for fleirbruks-/idrettshall i kommunen.
Møtet vert inndelt i tre bolkar:
- Informasjon om status og alternative plasseringar ved prosjektleiar
- Ole Johnny Sølberg frå ABO Plan & Arkitektur
- Innspel frå møtedeltakarar til plassering av hallen
- Innspel frå møtedeltakarar om kva hallen skal innehalda
Grunna koronasituasjonen vert det lagt opp til digitalt møte. Kvar einskild melder seg på ved å senda mail til ole-johnny@abo-ark.no. I forkant av møte vil du få tilsendt ein epost med møteinvitasjon.
Dersom du ikkje har høve til å delta digitalt, er det høve til å møta fysisk i biblioteket (same dato og tid som for digitalt møte). For å melde deg på ring prosjektleiar på mobil 41 04 75 22.
Dato 07.02.22
Tid 18.00-20.00
Møteplass Digitalt (fysisk oppmøte i biblioteket)
Me håper flest mogleg har høve til å delta. Vel møtt!

Sist oppdatert:
19.01.2022
Publisert:
19.01.2022