Innspelsmøte om plassering av fleirbruks-/idrettshall
Kommunen inviterer til innspelsmøte måndag 07.02.2022 kl. 18.00 - 20.00.
Publisert:
27.01.2022
Sist endra:
27.01.2022
Samnanger kommune inviterer til innspelsmøte om alternative plasseringar for fleirbruks-/idrettshall i kommunen.
Møtet vert delt i tre bolkar:
- Informasjon om status og alternative plasseringar ved prosjektleiar Ole Johnny Sølvberg frå ABO Plan & Arkitektur.
- Innspel frå møtedeltakarar til plassering av hallen.
- Innspel frå møtedeltakarar om kva hallen skal innehalda.
Dato: 07.02.2022
Tid: kl. 18.00 - 20.00
Stad: digitalt møte
Grunna koronasituasjonen vert det lagt opp til digitalt møte. Kvar einskild melder seg på ved å senda e-post til ole-johnny@abo-ark.no. I forkant av møtet vil du få tilsendt ein e-post med møteinvitasjon.
Dersom du ikkje har høve til å delta digitalt, er det høve til å møta fysisk i biblioteket. For å melda deg på, ring prosjektleiar på mobil 41047522.