Karl Bård Kollbotn vald som ny ordførar i Samnanger
Kommunestyret valde 26.10.2023 Karl Bård Kollbotn (Frp) som ny ordførar i Samnanger. Arild Røen (H) vart vald som ny varaordførar.
Publisert:
26.10.2023
Sist endra:
26.10.2023
Den nye ordføraren og varaordføraren tredde inn i verva sine umiddelbart etter at dei vart valde. Både ordføraren og varaordføraren er valde for valperioden 2023–2027.