Kompensasjonsordning for lokale verksemder
Samnanger kommune vart i oktober 2021 tildelt 1 172 000 kroner til vidarefordeling til lokale verksemder, som kompensasjonstilskot. Ordninga skal medverka til å oppretthalda arbeidsplassar og viktig kompetanse i verksemder som er avhengige av turisme frå land utanfor EØS-området, og derfor framleis ramma av koronapandemien.