HeimNyheiterKompensasjonsordning for lokale verksemder

Kompensasjonsordning for lokale verksemder

Samnanger kommune vart i oktober 2021 tildelt 1 172 000 kroner til vidarefordeling til lokale verksemder, som kompensasjonstilskot i samband med koronapandemien. Føremålet med desse midlane er at dei skal bidra til å oppretthalda arbeidsplassar og viktig kompetanse i verksemder som er avhengige av turisme frå land utanfor EØS-området, og som derfor framleis er ramma av koronapandemien. 

Dette er andre gongs utlysing av desse midlane. Søknad må sendast elektronisk i www.regionalforvaltning.no

Verksemder som søkte på den første utlysinga av desse midlane (som hadde søknadsfrist 18.11.2021), treng ikkje søkja på nytt. 

Meir informasjon om tilskotsordninga ligg på regjeringa sine nettsider.  


Sist oppdatert: 16.12.2021
Publisert: 16.12.2021