HeimNyheiterKorleis står det til med folkehelsa i Samnanger kommune?

Korleis står det til med folkehelsa i Samnanger kommune?

Undersøkinga vil gje Samnanger kommune ny og unik lokalkunnskap om korleis innbyggjarane våre har det. Resultata frå undersøkinga vil bli viktige verktøy i arbeidet med å skape gode lokalsamfunn og nærmiljø.

 

Undersøkinga er eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og Vestland fylkeskommune, i dialog med kommunane. Spørsmåla handlar om helse, trivsel, livskvalitet og andre forhold som har betyding for folkehelsa.

 

Deltakarane blir trekt tilfeldig frå folkeregisteret, og vil få invitasjon via SMS og e-post. I kommunar med færre enn 2000 vaksne innbyggjarar vil alle som ikkje har reservert seg få invitasjon til å delta. Undersøkinga vil gje Samnanger kommune verdifull informasjon om korleis innbyggjarane har det.

 

Spørsmåla i undersøkinga er relevante både for folkehelsearbeidet i Samnanger kommune, og til drift og planlegging innafor ei rekkje av kommunen sine ansvarsområde som samfunnsutvikling, oppvekst, helse, velferd, kultur og mobilitet.

 

           Me håpar dei fleste vil svare på undersøkinga. Undersøkinga vil gje ei                   innsikt i korleis innbyggarane våre har det. Mange svar gjev gode data,                 og eit godt datagrunnlag er viktig for planarbeid og utvikling i kommunen.

           - ordførar Knut Harald Frøland  

 

Tolv heldige deltakarar blir trekt ut til å vinne universalt gåvekort – to på kr 2500 og ti på kr 1000. Gåvekorta er gyldig i fem år. 



For meir informasjon og lenke til undersøkinga sjå:
https://vestlandfylke.no/fhus

 

Kontaktinformasjon:
Epost: folkehelse@vlfk.no 
Tlf.:     51 20 71 50


Sist oppdatert: 20.04.2022
Publisert: 20.04.2022