Kunngjering av ny oppstart for endring av Områdeplan for Bjørkheimsområdet
Innspel til planarbeidet kan sendast innan 8. desember til konsulent Norconsult AS.
Adresser for innspel:
Innspel kan sendast til konsulent, som vidaresender innspela samla til Samnanger kommune:
- på Altinn
- i brev til Norconsult AS v/Kjell Ove Hjelmeland, Boks 1199, 5020 Bergen
- på e-post: kjell.ove.hjelmeland@norconsult.com
Planområdet ved oppstart er synt med svart, stipla omriss i oversiktskartet nedanfor. Klikk her for ein større versjon.
Planområdet som varslast her er noko utvida frå varsling i fjor, spesielt på Myrvang og i Grunnavågen. På Myrvang er årsaka til utviding at ved eventuell bygging av fleirbrukshall på Lauskar kan det bli naudsynt med enkelte tiltak rundt bekken, utviding i Grunnavågen er gjort for å synleggjera i områdeplanen at kommuneplanens arealføremål «småbåthamn» er teikna inn på eit mykje større område enn det som var intensjonen bak kommuneplanen. Førebels plangrense/varslingsgrense er òg utvida nokre stader i nordaust på grunn av vegplanlegging rundt fylkesvegane. Spesielt gjeld dette mogeleg endring av veg, ved tilkopling av fv. 5132 til fv. 49 sør for Storhaugen.
For kart og plandokument i gjeldande plan syner me til:
- Kommunekart: https://kommunekart.com/?urlid=d60409d5-bfa8-4df3-ac98-a535d4036897
- Planregister: https://webhotel3.gisline.no/Webplan_4623/gl_planarkiv.aspx?planid=1242201001
Tema for planarbeidet er:
- Å avklara om Lauskar kan og bør byggast ut med fleirbrukshall og/eller kombinasjon av fleirbrukshall og
næring – gjennom konsekvensutgreiing og undersøking av planføresetnader og kostnader.- Trafikksikkerheitssituasjonen vert ikkje opplevt som trygg nok gjennom Bjørkheim, difor trengs ny vurdering av heile vegsystemet – utan undergang, og med god kollektivbetjening.
- Tilkomst til verksemdene, areal til innfartsparkering og annan offentleg parkering:
- Korleis er parkeringssituasjonen for eksisterande verksemder og funksjonar?
- Rydding i «villparkering».
- Kan parkeringshus/meir underjordisk parkering vera eit godt grep for Bjørkheim?
Her må ein gå i dialog og samarbeid med grunneigarar slik at deira innspel blir teke omsyn til dersom dei er tenlege for området sitt trafikkbilete.
- Gang- og sykkelveg frå Bjelkavik til Haukaneset. Denne er avklart i kommuneplanens arealdel, men meir detaljert trasé må regulerast.
- Betre sikring og bruk av park- og strandområde, med «promenade»/sti på kommunen sin eigedom langs Grunnavågen. Endring av område for småbåthamn - til den lokaliteten der gjeste-/småbåthamna no ligg.
- Betre utforming av uterom og gater i sentrum- med god kontakt mot park – og strandområde
- Ny bubilparkering som ikkje ligg inne i kjernen av Bjørkheim, samt løysing for tøming av bubiltoalett.
- Nytt offentleg toalett.
- Vurdere kombinert føremål som inkluderer bustad på dagens regulerte område F/K2 og F/K3.
Kommunen si vurdering av krav om konsekvensutgreiing
Det er konkludert med at det ligg føre plikt til å konsekvensutgreia denne reguleringsendringa, med særleg grunngjeving i konsekvensar for landbruk.
Opplegg for medverknad
Det vart arrangert folkemøte i biblioteket på Bjørkheim med god deltaking tysdag 4. oktober kl. 17.30-19.00.
Det vert det lagt opp til god dialog med grunneigarar, næringsforum, velforeiningar, relevante lag og organisasjonar m. fl. i vidare prosess.
Planskildring og ROS
Arbeidet med revisjonen vil inkludera utarbeiding av planskildring med risiko- og sårbarheitsanalyse. Planskildringa vil inkludera skildring av alle nye grep i planen, og konsekvensane av desse.
Har du spørsmål?
Kontakt einingsleiar for teknisk forvaltning i Samananger kommune Ragnhild Lønningdal, tlf. 45375161 eller ragnhild.lonningdal@samnanger.kommune.no
Om ho skulle vere utilgjengeleg, kan du óg ringe konsulent hjå Norconsult Kjell Ove Hjelmeland, tlf. 45404535.
Link til innsynsløysing for denne arkivsaka