HeimNyheiterMe søkjar etter tilsynsførar i fosterheim

Me søkjar etter tilsynsførar i fosterheim

Me ynskjer deg som vil og kan utgjera ein forskjell for barn og unge som tilsynsperson i fosterheim.
Du må ha eit stort engasjement for, og eit ynskje om å bidra til god og trygg kontakt mellom barn, fosterheim, barnevernstenesta, andre samarbeidspartnarar for barnet og foreldre.
Samarbeidskompetanse, fagleg innsikt, brubyggjar og ein tydeleg vaksen er gode kjenneteikn ved deg.

Som tilsynsfører skal du følgja opp barn som bur i fosterheim.
Du skal vera barnet/ungdomen sin tillitsperson. Og tryggleiksperson i forhold til fosterheimen, biologisk familie og barnevernet.
Som tilsynsførar har du ein kontrollfunksjon og skal skriva rapportar til barneverntenesta om det som framkjem under tilsynsbesøk jf. gjeldande retningslinjer.

Tilsynet føregår primært i fosterheimen eller i nærmiljøet rundt fosterheimen.

Tilsynsføraroppdraget er på inntil 4 timar 4 gangar i året pr oppdrag.

Fyll ut skjemaet nedanfor og lever inn til barneverntenesta så vil me ta kontakt.

Søknadsskjema


Ved spørsmål ta kontakt med barneverntenesta.
Telefon 48481087, 48481089 eller 98286727.


Sist oppdatert: 04.11.2021
Publisert: 04.11.2021