HeimNyheiterMeld deg for vaksinering

Meld deg for vaksinering

Samnanger har no tilgong på rikeleg med vaksinedosar, men det er for få personar som ønskjer vaksinering no.
Publisert: 27.07.2021
Sist endra: 28.07.2021

Me ber difor alle som ønskjer vaksinering om å registrera seg elektronisk her på kommunen si heimeside snarast. Alternativt kan ein ringja vaksinetelefonen på 489 97 002 på mandagar (kl. 11.00 - 15.00). Du vil så få tildelt time til vaksinedose 1 med det første. Du kan også kontakta kommunen sin koronatelefon 966 26 968.  Koronatelefonen er i veke 30 open måndag, onsdag, torsdag og fredag kl. 09.00 - 14.00. I veke 31 er koronatelefonen open måndag til fredag kl. 09.00 - 14.00. 

Trykk her for elektronisk registrering for koronavaksine.

Trykk her for informasjonssider om korona.