HeimNyheiterMeld din kandidat til frivilligprisen 2022 i Samnanger

Meld din kandidat til frivilligprisen 2022 i Samnanger

2022 er frivilligheitas år. I Samnanger kommune ønskjer ein å markere dette ved å dela ut ein frivilligpris. Prisen skal gå til ein einskildperson eller eit frivillig lag som har utmerka seg i frivillig innsats.

Retningsliner for frivilligprisen 2022

  • I samband med Frivillighetens år 2022 deler formannskapet ut ein frivilligpris til einskildpersonar eller lag/organisasjonar i eller med tilknyting til Samnanger kommune.
  • Frivilligprisen vert gjeven for særleg fortenestefull frivillig innsats i kommunen eller for aktiv frivillig innsats over lengre tid. Formannskapet kan leggja ei vid tolking av frivillig innsats til grunn ved vurdering av eventuelle kandidatar.
  • Formannskapet tek avgjerd om kven som skal få prisen.
  • Berre ein person/organisasjon kan få prisen ved kvar tildeling.
  • Prisen kan ikkje tildelast same organisasjon/person fleire gongar for same gjeremål.
  • Grunngjeve, skriftleg framlegg til kandidatar skal sendast til Samnanger kommune innan 13. mai.
  • Det vert delt ut ein pris, og eit beløp på kr 10.000 til prisvinnaren.

Har du forslag til kandidat? Send inn ditt forslag med grunngjeving til Samnanger kommune innan 13.05.22.

Adresse: Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse.
Epost:     postmottak@samnanger.kommune.no

Formannskapet vedtek prisvinnaren i møte 02.06.22.
Prisen vert delt ut under Sommarmarknaden 11.06.22.


Sist oppdatert: 20.04.2022
Publisert: 20.04.2022