HeimNyheiterMerkeforsøk av laks i Samnangervassdraget

Merkeforsøk av laks i Samnangervassdraget

I enkelte tilfelle vil desse lyttebøyene vera synlege frå land, eller som ein flytebøye i innsjøen og fjorden. Desse skal vera godt merka. Ta kontakt med NORCE viss det skulle vera nokre spørsmål om dette.

Bakgrunn
Tyssefossen kraftverk er eigd av Eviny Fornybar, og er eit elvekraftverk som er installert i utløpet av Samnangervassdraget. Det er komme fleire bekymringsmeldingar frå lokalt hold om at dette kan utgjera eit problem for laksesmoltens overleving ved nedvandring om våren. Ved å merka smolt med akustiske sendarar kan ein prøva å avklara spørsmålet om smoltens overleving ut av vassdraget. NORCE vil undersøka kva veg smolt vandrar ut av vassdraget, enten via passasjen til kraftverket eller om han vandrar forbi og ned hovedløpet, vidare ned fossen og ut i fjorden.
Eit viktig moment med desse undersøkingane er òg i kva grad overlevinga blir påverka av kva vandringsveg smolten nyttar seg av.

Sjølv om ein smolt overlever kan ho òg ta skade av medfarten ned vassdraget eller gjennom turbinen og dermed vera meir utsett for predasjon, spesielt i elvemunninga. For å undersøka dette nærare er ein del av merkene spesialmerker som kan indikera om fisken har vorte eten av ein predator eller ikkje. I tillegg vil det verta plassert lyttestasjonar i fjorden for å undersøka om smolten vandrar ut av fjorden, eller har vorte ete eller døydd under nedfarten i kraftverket.

Overordna problemstilling er:

  • Går merka smolt inn i Tyssefossen kraftverk ved utvandring eller vandrar ho ned hovedløpet?
  • Overlever merka smolt om den vandrar ned via kraftverket?
  • Vert merka laksesmolt ete ved utløpet eller i starten av fjordvandringen?

Sist oppdatert: 29.04.2022
Publisert: 29.04.2022