HeimNyheiterNasjonal test av nødmelding til mobiltelefonar 14. juni

Nasjonal test av nødmelding til mobiltelefonar 14. juni

Onsdag 14. juni 2023 rundt klokka 12 testar politiet nødvarsel på mobil over heile landet. Samtidig testar Sivilforsvaret varslingsanlegga sine.
Publisert: 09.06.2023
Sist endra: 12.06.2023

Mobiltelefonar over heile landet vil vibrera og spela av eit høgt lydsignal. Det vil også koma opp ein tekst på skjermen som forklarar at dette er ein test. 

Testen går ut til alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar i Noreg som er slått på og har dekning på 4G/5G. Telefonar som er sette i flymodus, vil ikkje motta testen. 

Testen bli gjennomført for å gjera befolkninga kjent med systemet med nødvarsling på mobil, og for å sjekka at systemet fungerer som det skal. 

På dei stadene der Sivilforsvaret har varslingsanlegg, vil desse senda ut signalet "Viktig melding – søk informasjon". Sivilforsvaret har ikkje varslingsanlegg i Samnanger. 

Meir informasjon

Meir informasjon om varslingsprøven og nødvarslingssystemet finn du på www.nodvarsel.no

Informasjon på fleire språk

Engelsk - Information in English

Polsk - Informacje w języku polskim

Ukrainsk - Інформація польською мовою

Russisk - Информация на русском языке