HeimNyheiterNy kommune inn i kontaktsenteret

Ny kommune inn i kontaktsenteret

Samnanger og Gulen har vore pilotkommunar i kontaktsenterprosjektet, som er ei felles sentralbordløysing. 03.03.2022 koplar Osterøy seg på.
Publisert: 03.03.2022
Sist endra: 03.03.2022

Gulen kommune og Samnanger kommune har vore pilotkommunar i oppstarten av kontaktsenteret, som er ei felles sentralbordløysing.
Oppstart var i september i fjor, og det har vore ein stor suksess.
No er me klar for å kople på fleire kommunar, og 03.03.2022 koplar Osterøy kommune seg på kontaktsenteret.

Dei av dykk som tek kontakt med kommunen på vårt sentralbordnummer
56 58 74 00 vil då oppleve at tilsette i Gulen og Osterøy svarar telefonen, i tillegg til tilsette i Samnanger.
Tal telefonar inn til kontaktsenteret vert omtrent dobla når Osterøy koplar seg på, men kontaktsenteret har god kapasitet og me skal hjelpa alle som ringer. Me har og aktivert ein ring tilbake funksjon som ein kan nytte dersom ein ynskjer det.

Me ser fram til eit spanande og godt samarbeid med våre nye kollegaer på Osterøy.