HeimNyheiterNye smittetilfelle i Samnanger

Nye smittetilfelle i Samnanger

Det er snakk om to smitta. Den eine er under 60 år og den andre under 30 år.

Smittevegen er kjend, og sannsynlegvis frå ein annan kommune, og ikkje internt i Samnanger. Begge er smittespora. Aktuelle personar er sett i karantene.

Ingen institusjonar, verksemder, arbeidsplassar eller arrangement i Samnanger er berørt.

Fleire smitta i Samnanger kan ikkje utelukkast dei næraste dagane, men det er lite sannsynleg at det er ukontrollert smitte i Samnanger slik situasjonen ser ut per i dag.

Alle naudsynte tiltak er utført så langt, og alle aktuelle personar er varsla.

Alle personar, grupper, arbeidsplassar mv som treng å ta forhaldsreglar er varsla. Alle andre bør følgja dei vanlege smittevernreglane.

Det er så langt påvist totalt 16 smitta med opphaldsadresse i Samnanger sidan mars 2020. Ein gjer merksam på at FHI opererer med andre smittetal. Dette skuldast at FHI inkluderer smitta folkeregistrerte personar frå Samnanger som ikkje bur i kommunen.


Sist oppdatert: 05.08.2021
Publisert: 05.08.2021