HeimNyheiterNye smittetilfelle i Samnanger

Nye smittetilfelle i Samnanger

Det er snakk om to nye snitta siste to døgn. Begge er personar under 30 år. 

Smittevegen er ukjent for den eine smitta, men sannsynlegvis frå ein annan kommune, og ikkje internt i Samnanger. Smittesporing er utført. Aktuelle personar er sett i karantene. 

Den andre smitta har kjent smitteveg. Smittestad er utanfor Samnanger kommune. Smittesporing er utført. Aktuelle personar er sett i karantene. 

Ingen institusjonar, verksemder, arbeidsplassar eller arrangement i Samnanger er berørte per i dag. 

Fleire smitta i Samnanger kan ikkje utelukkast dei næraste dagane, men det er lite sannsynleg at det er ukontrollert smitte i Samnanger slik situasjonen ser ut per i dag. 

Alle naudsynte tiltak er utført så langt, og alle aktuelle personar er varsla. 

Alle personar, grupper, arbeidsplassar mv. som treng å ta forhaldseglar er varsla. Alle andre bør følgja dei vanlege smittevernreglane. 

Det er så langt påvist totalt 18 smitta med opphaldsadresse i Samnanger sidan mars 2020. Ein gjer merksam på at FHI opererer med andre smittetal. Dette skuldast at FHI inkluderer smitta folkeregistrerte personar frå Samnanger som ikkje bur i kommunen. 


Sist oppdatert: 12.08.2021
Publisert: 12.08.2021