HeimNyheiterNyskapande aktivitetsanlegg

Nyskapande aktivitetsanlegg

For å trivast der ein lever og bur, er det viktig å ha attraktive møteplassar som treff innbyggjarane sine ynskjer og behov.
Dette stimulerer til god folkehelse og godt nærmiljø.

I prosjektet «Nyskapande Aktivitetsanlegg» som Vestland fylkeskommune står bak, ynskjer dei å stimulera til å utvikla og byggja lokale møteplassar med varierte og attraktive lågterskeltilbod. Møteplassane skal vera nyskapande i funksjon, organisering og aktivitetar.
I prosjektet legg fylkeskommunen til rette for dette ved å skapa eit samarbeid mellom sterke fagmiljø og lokale krefter.

Saman med tre andre kommunar, var Samnanger kommune så heldige å få bli med i fase 3 i dette prosjektet, som har fokus på idretts- og aktivitetshallar.
Dette er eit spanande prosjekt, som vil gje Samnanger gode forutsetningar for å kunna byggja ein nyskapande og attraktiv aktivitetshall. Målet er at aktivitetshallen skal gje rom for aktivitet på tvers av alder, interesser og funksjonsevne.

Me har fått knytta kontakt med dyktige arkitektar som skal bistå oss i arbeidet med å skapa ein aktivitetshall som alle innbyggjarar kan ha glede av, og saman med dei laga ein moglegheitstudie.

For å få eit godt sluttresultat er brukarmedverknad viktig, og me har tidligare hatt brukargruppemøter der folk har fått anledning til å koma med innspel til hallen.
Ei brukargruppe samansett av innbyggjarar i ulike aldrar og med ulike interesser, får no anledning til å møta arkitektane me samarbeidar med.

Har du innspel til aktivitetshallen du ikkje har kome med tidligare?
Kulturleiar Karina Liøen Frøland (tlf 56587409/ karina.lioen.froland@samnanger.kommune.no) er bindeleddet opp mot prosjektet og arkitektane.

Me er spente på arbeidet vidare, og har tru på at dette prosjektet vil hjelpa oss til å få augene opp for både ynskjer, behov - og ikkje minst moglegheiter!

For meir informasjon trykk her.


Sist oppdatert: 20.02.2023
Publisert: 20.02.2023