Nytt frå husbanken
Regjeringa og SV har avtalt å styrkja bustøtta slik at fleire med låge inntekter og høge buutgifter kan få bustøtte til høge straumutgifter. Tiltaket gjeld utbetalingar i januar, februar og mars. Førebelse utrekningar viser at dei nye bustøttemottakarane vil få i gjennomsnitt 1100 kroner i støtte per månad.
Søk så snart som mogleg – frist 31. desember
Husbanken har utsett søknadsfristen knytt til utbetalinga i januar til 31. desember, slik at flest mogleg skal rekka å søkja. For å få utbetaling i januar, er det svært viktig at du som ikkje allereie får bustøtte, søkjer innan 31. desember. Du som allereie får bustøtte, treng ikkje søkja på nytt.
Du kan enkelt sjekka om du kan få bustøtte med bustøttekalkulatoren.
For meir informasjon trykk her for å koma vidare til heimesida til Husbanken