HeimNyheiterNytt skysstilbod for ungdom og eldre i Samnanger

Nytt skysstilbod for ungdom og eldre i Samnanger

Det lokale taxiselskapet i Samnanger startar opp transporttenesta "Svinta"-skyss. Dette er eit tilbod for ungdom 15-18 år og eldre 67+.
Publisert: 25.02.2022
Sist endra: 22.07.2022

Ordninga blir etablert med økonomisk støtte frå Samnanger kommune, og vil i første omgang gjelda for ein prøveperiode på tre månader. 

Dette tilbodet skal gjera det enkelt å ta seg rundt i kommunen i kvardagen. Ein kan bestille turar alle dagar og til alle døgnets tider.

Ein blir transportert frå "dør til dør" og prisen er 50 kroner pr. person pr. tur. 

Prøveordninga gjeld for følgjande grupper av innbyggjarar i Samnanger: 

  1. Ungdom som fyller 15, 16, 17 og 18 år i 2022
  2. Eldre som fyller 67 år eller meir i 2022


For å nytta ordninga med "Svinta"-skyss, må ein ringja til Trond Haga Taxi AS (tlf. 56 58 88 66 / 470 26 289 ) og bestilla transport. 

 

Meir informasjon

Meir informasjon om ordninga og bakgrunnen for ho, står i sakspapira til kommunestyresak 008/2022, som kommunestyret handsama 24.02.2022.

Kommunestyret vedtok 07.04.2022 ei justering av ordninga, sjå sakspapira i kommunestyresak 019/2022