HeimNyheiterNytt smittetilfelle i Samnanger

Nytt smittetilfelle i Samnanger

Eit nytt smittetilfelle vart påvist i Samnanger 06.05.2021.
Publisert: 06.05.2021
Sist endra: 06.05.2021

Det er den 06.05.2021 påvist eit nytt smittetilfelle hos ein innbyggjar i Samnanger.

Det er snakk om èin smitta. Og det dreier seg om ein yngre person.

Smittevegen er ikkje kjend, men sannsynlegvis er den frå ein av våre nabokommunar, og ikkje internt i Samnanger.

Vedkommande er smittespora og alle aktuelle personar er sett i karantene og ventekarantene. Ein elev ved barneskulen er sett i karantene, og ein elev ved barneskulen og eit barn i Vassloppa barnehage er sett i ventekarantene.

Det er ingen spesiell fare for smitte på barneskulen, og det er ikkje naudsynt med ytterlegare tiltak pr. idag.

For øvrig er ingen institusjonar, verksemder, arbeidsplassar eller arrangement i Samnanger berørt.

Fleire smitta i Samnanger kan ikkje utelukkast dei næraste dagane, men det er ingen stor sannsynligheit for ukontrollert smitte i Samnanger slik situasjonen ser ut per i dag.

Alle naudsynte tiltak er utført så langt, og alle aktuelle personar er varsla.

Alle personar, grupper, arbeidsplassar mv som treng å ta forhaldsreglar er varsla. Alle andre bør følgja dei vanlege smittevernreglane.

Det er så langt påvist totalt 12 smitta som er busett i Samnanger sidan mars 2020. Ein gjer merksam på at FHI opererer med andre smittetal. Dette skuldast at FHI inkluderer smitta folkeregistrerte personar frå Samnanger som ikkje bur i kommunen.