HeimNyheiterNytt smittetilfelle i Samnanger

Nytt smittetilfelle i Samnanger

Eitt nytt smittetilfelle av covid-19 er påvist i Samnanger denne veka.
Publisert: 23.03.2021
Sist endra: 23.03.2021

Alle nærkontaktar er satt i karantene og testa. Husstandsmedlemmer til nærkontaktar er satt i ventekarantene.

Smittevegen er kjent og situasjonen er oversiktleg.

Alle som treng å ta forholdsregler er varsla.

Arrangement og aktivitetar i Samnanger kan inntil vidare gå som planlagt.