HeimNyheiterNytt smittetilfelle i Samnanger

Nytt smittetilfelle i Samnanger

Eit nytt smittetilfelle vart påvist i Samnanger 26.04.2021.
Publisert: 26.04.2021
Sist endra: 28.04.2021

Det er den 26.04.2021 påvist eit nytt smittetilfelle hos innbyggjar i Samnanger.

Det er snakk om èin smitta. Og det dreier seg om ein yngre person. Smittevegen er ikkje kjend, men sannsynlegvis er den frå ein av våre nabokommunar, og ikkje internt i Samnanger.

Vedkommande er smittespora og alle aktuelle personar er sett i karantene og ventekarantene. Det er gjort eit mindre tiltak overfor ein ansatt og ein elev ved barneskolen. Dette er et tiltak ein gjer for sikkerhets skuld, og som er utover dei generelle anbefalingane til FHI. Det er ingen spesiell fare for smitte på barneskulen, og det er ikke naudsynt med ytterlegare tiltak pr. idag.

For øvrig er ingen institusjon, verksemd, arbeidsplass eller arrangement i Samnanger berørt.

Fleire smitta i Samnanger kan ikkje utelukkast dei nærmaste dagane, men det er ingen stor sannsynligheit for ukontrollert smitte i Samnanger slik situasjonen ser ut per i dag.

Alle naudsynte tiltak er utført så langt, og alle aktuelle personar er varsla.

Alle personar, grupper, arbeidsplassar mv som treng å ta forhaldsreglar er varsla. Alle andre bør følgja dei vanlege smittevernreglane.

Det er så langt påvist totalt 11 smitta i Samnanger sidan mars 2020.