HeimNyheiterNytt smittetilfelle i Samnanger

Nytt smittetilfelle i Samnanger

Det er den 30.08.2021 påvist eit nytt smittetilfelle hjå ein innbyggjar i Samnanger
Publisert: 31.08.2021
Sist endra: 01.09.2021

Det er snakka om ein smitta. Og det dreier seg om ein person i aldersgruppa 50-65 år.

Smittevegen er kjend, og frå ein annan kommune. Smittesporing er utført. Ingen personar er sett i karantene.

Ingen institusjonar, verksemder, arbeidsplassar eller arrangement i Samnanger er berørte per i dag.

Fleire smitta i Samnanger kan ikkje utelukkast dei næraste dagane, men det er lite sannsynleg at det er ukontrollert smitte i Samnanger slik stuasjonen er ut per i dag.

Alle naudsynte tiltak er utført så langt, og alle aktueller personar, grupper, arbeidsplassar, skular mv. som treng forhandsreglar er varsla. 
Alle andre bør følgja dei vanlege smittevernreglane,

Det er sidan mars 2020 påvist totalt 19 smitta med opphaldsadresse i Samnanger. Ein gjer merksam på at FHI opererer med andre smittetal. Dette skuldast at FHI inkluderer smitta folkeregistrerte personar i Samnanger som ikkje bur i kommunen.