HeimNyheiterNytt smittetilfelle i Samnanger

Nytt smittetilfelle i Samnanger

Det vart den 4. oktober påvist ein ny smitta i Samnanger. Personen er i aldersgruppa 40-50 år.
Smittevegen er ukjend. Smittesporing er utført. Ingen personar er sett i karantene.
Ingen institusjonar, verksemder, arbeidsplassar eller arrangement i Samnanger er berørte per i dag.
Fleire smitta i Samnager kan ikkje utelukkast dei næraste dagane, men det er lite sannsynleg at det er ukontrollert smitte i Samnanger slik situasjonen ser ut per i dag.
Alle naudsynte tiltak er utført så langt, og alle aktuelle personar, grupper, arbeidsplassar, skular mv. som treng forhandsreglar er varsla.
Alle andre bør følgja dei vanlege smittevernreglane.

Det er sidan mars 2020 påvist totalt 20 smitta med opphaldsadressei  Samnanger. Ein gjer merksam på at FHI opererer med andre smittetal. Dette skuldast at FHI inkluderar smitta folkeregistrerte personar i Samnanger som ikkje bur i kommunen.


Sist oppdatert: 06.10.2021
Publisert: 06.10.2021