HeimNyheiterNytt smittetilfelle i Samnanger

Nytt smittetilfelle i Samnanger

Det vart 09.10.2021 påvist eit nytt smittetilfelle hjå ein innbyggjar i Samnanger.
Publisert: 10.10.2021
Sist endra: 10.10.2021

Det vart 09.10.2021 påvist ein ny smitta i Samnanger. Personen er i aldersgruppa 10-20 år.

Smittevegen er kjend. Smittesporing er utført. Ingen personar er sett i karantene. Ingen institusjonar, verksemder, arbeidsplassar eller arrangement i Samnanger er berørte per i dag. 

Fleire smitta i Samnanger kan ikkje utelukkast dei nærmaste dagane, men det er lite sannsynleg at det er ukontrollert smitte i Samnanger slik situasjonen ser ut per i dag. 

Alle naudsynte tiltak er utført så langt, og alle aktuelle personar, grupper, arbeidsplassar, skular mv. som treng forhaldsreglar er varsla. Alle andre bør følgja dei vanlege smittevernreglane. 

Det er sidan mars 2020 påvist totalt 21 smitta med opphaldsadresse i Samnanger. Ein gjer merksam på at FHI (Folkehelseinstituttet) opererer med andre smittetal. Dette skuldast at FHI inkluderer smitta folkeregistrerte personar i Samnanger som ikkje bur i kommunen.