HeimNyheiterNytt smittetilfelle i Samnanger

Nytt smittetilfelle i Samnanger

Det vart 07.11.21 påvist eit nytt smittetilfelle i Samnanger
Publisert: 08.11.2021
Sist endra: 08.11.2021

Det vart 07.11.2021 påvist eit nytt smittetilfelle i Samnanger.
Det gjeld ein elev på Samnanger barneskule. Smittevegen er ikkje kjend.
Smittesporing er utført. Ingen personar i Samnanger er sett i karantene, men det er innført eit alternativt dagleg testregime for aktuelle elevar, føresette og lærarar som er symptomfrie.
Alle aktuelle personar på barneskulen elles i Samnanger har altså fått beskjed.
Ingen andre institusjonar, verksemder, arbeidsplassar eller arrangement i Samnanger er berørte per i dag.

Det er risiko for at det vert påvist fleire smitta i Samnanger dei nærmaste dagane.
Alle naudsynte tiltak er utført så langt, og alle aktuelle personar, grupper, arbeidsplassar, skular mv. som treng forhaldsreglar er varsla. Alle andre bør følgja dei vanlege smittevernreglane.
Ein minnar om at elevar og tilsette på Samnanger barneskule må halde seg heime hvis ein utviklar symptom på covid-19, og at ein i tillegg testar seg raskt same dag.

Det er sidan mars 2020 påvist totalt 28 smitta med opphaldsadresse i Samnanger.
Ein gjer merksam på at FHI (Folkehelseinstituttet) opererer med andre smittetal.
Dette skuldast at FHI inkluderer smitta folkeregistrerte personar i Samnanger som ikkje bur i kommunen.