HeimNyheiterNytt smittetilfelle i Samnanger

Nytt smittetilfelle i Samnanger

Det er i dag, onsdag 10.11.2021 påvist endå eit nytt smittetilfelle i Samnanger
Publisert: 10.11.2021
Sist endra: 10.11.2021

Det er i dag, onsdag 10.11.2021 påvist endå eit nytt smittetilfelle i Samnanger. Den smitta er har tilknytning til utbrottet på barneskulen.
I alt 3 elevar og 3 nærkontaktar til desse har no fått påvist smitte.
Dette siste smittetilfellet får inga følgjer for barneskulen, som gjennomfører dei same tiltak som allereie er iverksett.

Tidlegare i dag blei det påvist smitte hos ein tilsett i Vassloppa barnehage. Smittevegen er kjend, og har tilknyting til utbrotet på barneskulen.
Den aktuelle avdelinga er stengd i dag, men opnar igjen i morgon.
Smitten i Vassloppa har altså samanheng med smitten på barneskulen, der det allereie er innført tiltak.
Ingen andre institusjonar, verksemder, arbeidsplassar eller arrangement i Samnanger er råka per i dag.

Det er risiko for at det vert påvist fleire smitta i Samnanger dei næraste dagane.

Alle naudsynte tiltak er utført så langt, og alle aktuelle personar, grupper, arbeidsplassar, skular mv. som treng tiltak er varsla.
Alle andre bør følgja dei vanlege smittevernreglane.

Ein minnar generelt om at alle som får symptom på luftvegssjukdom må halda seg heime og testa seg.
Sjølvtest kan ein få utlevert på legekontoret/teststasjonen om ein har symptom eller er beden om å testa seg av smittevernlegen. For andre grunnar til å testa seg må ein sjølv kjøpa test på apotek.

Det er sidan mars 2020 påvist totalt 34 smitta med opphaldsadresse i Samnanger.
Ein gjer merksam på at FHI (Folkehelseinstituttet) opererer med andre smittetal. Dette skuldast at FHI inkluderer smitta folkeregistrerte personar i Samnanger som ikkje bur i kommunen.