HeimNyheiterOppdatering av smittesituasjonen i Samnanger veke 6

Oppdatering av smittesituasjonen i Samnanger veke 6

Det var påvist 41 smittetilfelle i veke 6
Publisert: 14.02.2022
Sist endra: 14.02.2022

Smittetal for veke 6: 41
Smittetal for veke 5: 23
Smittetal for veke 4: 21
Smittetal for veke 3: 27
Smittetal for veke 2: 14
Smittetal for veke 1: 2
Smittetal for veke 52: 0
Smittetal for veke 51: 0
Smittetal for veke 50: 5
Smittetal for veke 49: 10

Denne veka er det smitterekord i Samnanger, med 41 registrerte tilfelle.
Som tidlegare er det spredte tilfelle blant born og vaksne.
Det er ingen såkalla utbrot i barnehage, barneskule eller ungdomsskule, og heller ikkje i andre institusjonar.

Smittetrenden i Samnanger er stigande.
Det er sidan mars 2020 påvist totalt 222 smitta med opphaldsadresse i Samnanger. Ein gjer merksam på at FHI (Folkehelseinstituttet) opererer med andre smittetal.
Dette skuldast at FHI inkluderer smitta folkeregistrerte personar i Samnanger som ikkje bur i kommunen.
Trykk her for smittevernreglar og tilrådingar for Samnanger.

Elektronisk registrering
Alle som testar positivt på heimetest bør registrera seg elektronisk på kommunen si heimeside. Her finn du også oversikt over kven som vert anbefalt bekreftande PCR-test.


Koronatelefonen i Samnanger
Du treng ikkje lenger melda deg på koronatelefonen, men kan ringa om du treng hjelp eller har spørsmål: 966 26 968
Telefonen er open måndag – fredag kl. 09:00-14:00
Om det er travelt på lina, kan du senda sms, så vert du oppringt.