HeimNyheiterOppdatering av smittesituasjonen i Samnanger- veke 50

Oppdatering av smittesituasjonen i Samnanger- veke 50

Det er pr. sundag 19.12.2021 påvist fem nye smittetilfelle den siste veka.
Publisert: 20.12.2021
Sist endra: 20.12.2021

Smittetal for veke 50: 5
Smittetal for veke 49: 10
Smittetal for veke 48: 7
Smittetal for veke 47: 13
Smittetal for veke 46: 17

Smittetrykket er stabilt høgt.
Fem personar er for tida i isolasjon.
Me har så langt ikkje fått meldt tilfelle med omicron-smitte.

I tida frå 07.11.2021 har me hatt høgt smittetrykk i Samnanger.
Dette skuldast to utbrot på barneskulen og mange spreidde tilfelle av smitte i befolkninga elles. Me ser at hustandsnærkontaktar er svært utsett for å verta smitta, uavhengig av vaksinasjonsstatus.
Dei to utbrota på barneskulen er over og dei siste elevane er avisolerte.
Alle naudsynte tiltak overfor dei som for tida er smitta og deira nærkontaktar er sett i verk. Alle andre personar, grupper, arbeidsplassar, fritidsaktivitetar m.m. i Samnanger som treng tiltak er varsla.
I tida fram mot jul og utover vinteren må me rekna med høgt smittetrykk.
Det er sidan mars 2020 påvist totalt 94 smitta med opphaldsadresse i Samnanger. Ein gjer merksam på at FHI (Folkehelseinstituttet) opererer med andre smittetal.
Dette skuldast at FHI inkluderer smitta folkeregistrerte personar i Samnanger som ikkje bur i kommunen.
Trykk her for Smittevernreglar og tilrådingar for Samnanger


Koronatelefonen i Samnanger

Det er viktig at alle som testar positivt på sjølvtest melder seg på koronatelefonen.
Denne er open måndag – fredag kl. 09:00-14:00 og
laurdag/sundag/helligdag kl 10:00-12:00.
Tlf. nr.: 96 62 69 68. Om det er kø på linja kan du senda sms.