HeimNyheiterOppdatering av smittesituasjonen i Samnanger - veke 51

Oppdatering av smittesituasjonen i Samnanger - veke 51

Det er ikkje påvist nye smittetilfelle i veke 51
Publisert: 28.12.2021
Sist endra: 28.12.2021

Smittetal for veke 51: 0
Smittetal for veke 50: 5
Smittetal for veke 49: 10
Smittetal for veke 48: 7
Smittetal for veke 47: 13
Smittetal for veke 46: 17

Smittetrykket er lågt og synkande.
Ingen personar er for tida i isolasjon.
Me har så langt ikkje fått meldt om tilfelle med omicron-smitte i Samnanger.

Det er sidan mars 2020 påvist totalt 94 smitta med opphaldsadresse i Samnanger. Ein gjer merksam på at FHI (Folkehelseinstituttet) opererer med andre smittetal. Dette skuldast at FHI inkluderer smitta folkeregistrerte personar i Samnanger som ikkje bur i kommunen.

Trykk her for smittevernreglar og tilrådingar for Samnanger.

Koronatelefonen i Samnanger

Det er viktig at alle som testar positivt på sjølvtest melder seg på koronatelefonen; 966 26 968
Telefonen er open måndag – fredag kl. 09:00-14:00 og
laurdag/sundag/helligdag kl 10:00-12:00.