HeimNyheiterOppdatering av smittesituasjonen i Samnanger for veke 49

Oppdatering av smittesituasjonen i Samnanger for veke 49

Det er pr. sundag 12.12.2021 påvist 10 nye smittetilfelle den siste veka.
Publisert: 13.12.2021
Sist endra: 13.12.2021

Det er pr. sundag 12.12.2021 påviste ti nye smittetilfelle den siste veka.

Ein av dei smitta er ansatt på barneskulen. Det er iverksett testing av nærkontaktar blant aktuelle tilsette og elevar.


Smittetal for veke 49: 10
Smittetal for veke 48: 7
Smittetal for veke 47: 13
Smittetal for veke 46: 17


Smittetrykket er stabilt høgt.
Ti personar er for tida i isolasjon.

I tida frå 07.11.2021 har me hatt høgt smittetrykk i Samnanger.

Dette skuldast to utbrot på barneskulen og mange spreidde tilfelle av smitte i befolkninga elles. Me ser at hustandsnærkontaktar er svært utsett for å verta smitta, uavhengig av vaksinasjonsstatus.

Dei to utbrota på barneskulen er over og dei siste elevane er avisolerte.

Alle naudsynte tiltak overfor dei som for tida er smitta og deira nærkontaktar er sett i verk. Alle andre personar, grupper, arbeidsplassar, fritidsaktivitetar m.m. i Samnanger som treng tiltak er varsla.

I tida fram mot jul og utover vinteren må me rekna med høgt smittetrykk.

Det er sidan mars 2020 påvist totalt 89 smitta med opphaldsadresse i Samnanger. Ein gjer merksam på at FHI (Folkehelseinstituttet) opererer med andre smittetal.
Dette skuldast at FHI inkluderer smitta folkeregistrerte personar i Samnanger som ikkje bur i kommunen.

På grunn av høgt smittetrykk i Samnanger og andre kringliggjande kommunar til Bergen, vedtok Samnanger og dei andre kommunane i Bergensregionen lokal forskrift gjeldande frå 20.11.2021 til 20.12.2021.
Regjeringa vedtok forskrift om regionale smitteverntiltak for kommunane i Bergensregionen, gjeldande frå 03.12.2021 og inntil vidare.
Fredag 10.12.2021 innførte Samnanger og seks andre kommunar i bergensregionen ei lokal forskrift om munnbind og strengare karantenereglar. Denne varer til 24.12.2021.

Trykk her for Smittevernreglar og tilrådingar for Samnanger

Koronatelefonen i Samnanger
Det er viktig at alle som testar positivt på sjølvtest melder seg på koronatelefonen.
Denne er open måndag – fredag kl. 09:00-14:00 og
laurdag-sundag kl 10:00-12:00.
Tlf. nr.: 96 62 69 68. Om det er kø på linja kan du senda sms.