HeimNyheiterOppdatering av smittesituasjonen i Samnanger veke 11

Oppdatering av smittesituasjonen i Samnanger veke 11

Det vart påvist 39 nye smittetilfelle i veke 11
Publisert: 23.03.2022
Sist endra: 23.03.2022

Smittetal for veke 11: 39
Smittetal for veke 10: 63
Smittetal for veke 9: 121
Smittetal for veke 8: 154
Smittetal for veke 7:106
Smittetal for veke 6: 41
Smittetal for veke 5: 23
Smittetal for veke 4: 21
Smittetal for veke 3: 27
Smittetal for veke 2: 14


Smittetrykket i Samnanger er framleis høgt, men stadig synkande. Samnanger kommune nådde smittetoppen omkring veke 8.
Som tidlegare er det spreidde tilfelle blant personar i alle aldersgrupper.
Sidan mars 2020 t.o.m. veke 11 i år er det påvist totalt 705 smittetilfelle med bustadadresse i Samnanger.
Frå og med veke 7 vert berre dei som registrerar seg elektronisk på kommunen si heimeside ved positiv sjølvtest rekna med i dette talet.
Pga. denne nye registreringspraksisen kan tala frå og med veke 7 difor ikkje samanliknast direkte med smittetala for tida før. Det er likevel ingen tvil om at det frå veke 7 skjedde ei betydeleg smitteauke.

Trykk her for smittevernreglar og tilrådingar for Samnanger.


Elektronisk registrering
Alle som testar positivt på heimetest bør registrera seg elektronisk på kommunen si heimeside.
Her finn du også oversikt over kven som vert anbefalt bekreftande PCR-test (test kan takast måndag, onsdag og fredag).

Koronatelefonen i Samnanger
Her kan du ringa om du treng PCR-test eller treng råd og rettleiing.
Mob.: 966 26 968
Telefonen er open måndag, onsdag og fredag kl. 09:00-11:00
Om det er travelt på lina, kan du senda sms, så vert du oppringt.