HeimNyheiterOppdatering av smittesituasjonen i Samnanger veke 13

Oppdatering av smittesituasjonen i Samnanger veke 13

Det vart påvist 2 nye smittetilfelle i Samnanger veke 13
Publisert: 04.04.2022
Sist endra: 04.04.2022

Smittetal for veke 13: 2
Smittetal for veke 12: 21
Smittetal for veke 11: 39
Smittetal for veke 10: 63
Smittetal for veke 9: 121
Smittetal for veke 8: 154
Smittetal for veke 7:106
Smittetal for veke 6: 41
Smittetal for veke 5: 23
Smittetal for veke 4: 21

Smittetrykket i Samnanger er stadig synkande. Samnanger kommune nådde smittetoppen omkring veke 8.
Sidan mars 2020 t.o.m. veke 13 i år er det registrert totalt 728 smittetilfelle med bustadadresse i Samnanger.
Frå og med veke 7 vert berre dei som registrerar seg elektronisk på kommunen si heimeside ved positiv sjølvtest rekna med i dette talet.
Pga. denne nye registreringspraksisen kan tala frå og med veke 7 difor ikkje samanliknast direkte med smittetala for tida før. Det er likevel ingen tvil om at det frå veke 7 skjedde ei betydeleg smitteauke.
Trykk her for smittevernreglar og tilrådingar for Samnanger.

Ettersom det no er relativt lågt smittetrykk i Samnanger, vert dette den siste ukentlege nyheitsoppdateringa om covid-19-smitte i Samnanger i denne omgang.

Elektronisk registrering
Alle som testar positivt på heimetest bør registrera seg elektronisk på kommunen si heimeside.
Her finn du også oversikt over kven som vert anbefalt bekreftande PCR-test (test kan takast måndag, onsdag og fredag).

Koronatelefonen i Samnanger
Her kan du ringa om du treng PCR-test eller treng råd og rettleiing.
Mob.: 966 26 968
Telefonen er open måndag, onsdag og fredag kl. 09:00-11:00
Om det er travelt på lina, kan du senda sms, så vert du oppringt.