HeimNyheiterOppdatering av smittesituasjonen i Samnanger veke 2

Oppdatering av smittesituasjonen i Samnanger veke 2

Det vart påvist 14 nye smittetilfelle i veke 2
Publisert: 17.01.2022
Sist endra: 17.01.2022

Smittetal for veke 2: 14
Smittetal for veke 1: 2
Smittetal for veke 52: 0
Smittetal for veke 51: 0
Smittetal for veke 50: 5
Smittetal for veke 49: 10
Smittetal for veke 48: 7
Smittetal for veke 47: 13
Smittetal for veke 46: 17

To av smittetilfella er på 6. trinnet på barneskulen.
Det er iverksett testing av nærkontaktar samt jamnleg testing av heile 6. trinnet i veke 3.
Smitten på barneskulen er ikkje å oppfatta som eit utbrot slik det ser ut no.
Born som har symptom må halda seg heime og testa seg.
Alle andre born bør møta på skulen som vanleg.

Det er ingen smittetilfelle i barnehagane eller på ungdomsskulen som skulle utgjere smitterisiko der.


Smittetrenden i Samnanger no stigande.


Det er sidan mars 2020 påvist totalt 110 smitta med opphaldsadresse i Samnanger. Ein gjer merksam på at FHI (Folkehelseinstituttet) opererer med andre smittetal.
Dette skuldast at FHI inkluderer smitta folkeregistrerte personar i Samnanger som ikkje bur i kommunen.

Trykk her for smittevernreglar og tilrådingar for Samnanger.


Koronatelefonen i Samnanger

Det er viktig at alle som testar positivt på sjølvtest melder seg på koronatelefonen; 966 26 968
Telefonen er open måndag – fredag kl. 09:00-14:00 og
laurdag/sundag/helligdag kl 10:00-12:00. Om det er travelt på lina, kan du senda sms, så vert du oppringt.