HeimNyheiterOppdatering av smittesituasjonen i Samnanger veke 3

Oppdatering av smittesituasjonen i Samnanger veke 3

Det vart påvist 27 nye smittetilfelle i veke 3
Publisert: 24.01.2022
Sist endra: 24.01.2022

Smittetal for veke 3: 27
Smittetal for veke 2: 14
Smittetal for veke 1: 2
Smittetal for veke 52: 0
Smittetal for veke 51: 0
Smittetal for veke 50: 5
Smittetal for veke 49: 10
Smittetal for veke 48: 7
Smittetal for veke 47: 13
Smittetal for veke 46: 17

Tre av smittetilfella er på 6. trinnet på barneskulen og representerer smittefare. Dette er eit smitteutbrot, og det er difor sett i verk jevnleg testing to gonger pr. veke på 6. trinnet.
I tillegg er det andre enkeltståande tilfelle på både barne- og ungdomsskulen. Desse representerar ikkje smitteutbrot, og det er difor pr. d.d. ikkje sett i verk jevnleg testing knytt til desse tilfella.

Born som har symptom må halda seg heime og testa seg. Alle andre born bør møta på skulen som vanleg.
Det er ingen smittetilfelle i barnehagane som skulle utgjere smitterisiko der.

Smittetrenden i Samnanger er fortsatt stigande.

Det er sidan mars 2020 påvist totalt 137 smitta med opphaldsadresse i Samnanger. Ein gjer merksam på at FHI (Folkehelseinstituttet) opererer med andre smittetal.
Dette skuldast at FHI inkluderer smitta folkeregistrerte personar i Samnanger som ikkje bur i kommunen.
Trykk her for smittevernreglar og tilrådingar for Samnanger.

Koronatelefonen i Samnanger
Det er viktig at alle som testar positivt på sjølvtest melder seg på koronatelefonen; 966 26 968
Telefonen er open måndag – fredag kl. 09:00-14:00 og
laurdag/sundag/helligdag kl 10:00-12:00.
Om det er travelt på lina, kan du senda sms, så vert du oppringt.