Oppdatering av smittesituasjonen i Samnanger veke 4
Smittetal for veke 4: 21
Smittetal for veke 3: 27
Smittetal for veke 2: 14
Smittetal for veke 1: 2
Smittetal for veke 52: 0
Smittetal for veke 51: 0
Smittetal for veke 50: 5
Smittetal for veke 49: 10
Smittetal for veke 48: 7
Smittetal for veke 47: 13
Denne veka er det som tidlegare spredte tilfelle blant born og vaksne. Det er ingen utbrot i barnehage, barneskule eller ungdomsskule, og heller ikkje i andre institusjonar.
Det er difor ikkje sett i verk jevnleg testing knytt til desse tilfella.
Born som har symptom må halda seg heime og testa seg. Alle andre born bør møta på skulen som vanleg.
Smittetrenden i Samnanger er usikker, men har mulignes stabilisert seg noko.
Det er sidan mars 2020 påvist totalt 158 smitta med opphaldsadresse i Samnanger. Ein gjer merksam på at FHI (Folkehelseinstituttet) opererer med andre smittetal.
Dette skuldast at FHI inkluderer smitta folkeregistrerte personar i Samnanger som ikkje bur i kommunen.
Trykk her for smittevernreglar og tilrådingar for Samnanger.
Koronatelefonen i Samnanger
Det er viktig at alle som testar positivt på sjølvtest melder seg på koronatelefonen; 966 26 968
Telefonen er open måndag – fredag kl. 09:00-14:00 og
laurdag/sundag/helligdag kl 10:00-12:00.
Om det er travelt på lina, kan du senda sms, så vert du oppringt.