Oppdatering av smittesituasjonen i Samnanger veke 5
Smittetal for veke 5: 19
Smittetal for veke 4: 21
Smittetal for veke 3: 27
Smittetal for veke 2: 14
Smittetal for veke 1: 2
Smittetal for veke 52: 0
Smittetal for veke 51: 0
Smittetal for veke 50: 5
Smittetal for veke 49: 10
Smittetal for veke 48: 7
Denne veka er det som tidlegare spredte tilfelle blant born og vaksne. Det er ingen såkalla utbrot i barnehage, barneskule eller ungdomsskule, og heller ikkje i andre institusjonar.
Born og elevar som har symptom må halda seg heime og testa seg. Alle andre born bør møta i barnhage og på skule som vanleg.
Smittetrenden i Samnanger er usikker, men ser ut til å ha stabilisert seg noko.
Det er sidan mars 2020 påvist totalt 177 smitta med opphaldsadresse i Samnanger. Ein gjer merksam på at FHI (Folkehelseinstituttet) opererer med andre smittetal.
Dette skuldast at FHI inkluderer smitta folkeregistrerte personar i Samnanger som ikkje bur i kommunen.
Trykk her for smittevernreglar og tilrådingar for Samnanger.
Koronatelefonen i Samnanger
Det er viktig at alle som testar positivt på sjølvtest melder seg på koronatelefonen; 966 26 968
Telefonen er open måndag – fredag kl. 09:00-14:00 og
laurdag/sundag/helligdag kl 10:00-12:00.
Om det er travelt på lina, kan du senda sms, så vert du oppringt.