HeimNyheiterOppdatering av smittesituasjonen i Samnanger veke 8

Oppdatering av smittesituasjonen i Samnanger veke 8

Smittetal for veke 8: 154
Smittetal for veke 7:106
Smittetal for veke 6: 41
Smittetal for veke 5: 23
Smittetal for veke 4: 21
Smittetal for veke 3: 27
Smittetal for veke 2: 14
Smittetal for veke 1: 2
Smittetal for veke 52: 0
Smittetal for veke 51: 0

Denne veka er det ny smitterekord i Samnanger, med 156 registrerte tilfelle.
Som tidlegare er det spreidde tilfelle blant personar i alle aldersgrupper.

Smittetrenden i Samnanger er fortsett stigande.
Sidan mars 2020 t.o.m. veke 8 påvist totalt 482 smitta med opphaldadresse i Samnanger.
Frå og med veke 7 vert berre dei som registrerar seg elektronisk på kommunen si heimeside ved positiv sjølvtest rekna med i dette talet.
Pga. innføring i ny registreringspraksis kan tala frå og med veke 7 difor ikkje samanliknast direkte med smittetala for tida før. Det er likevel ingen tvil om at det frå veke 7 skjedde ei betydeleg smitteauke.
Trykk her for smittevernreglar og tilrådingar for Samnanger.

Elektronisk registrering
Alle som testar positivt på heimetest bør registrera seg elektronisk på kommunen si heimeside.
Her finn du også oversikt over kven som vert anbefalt bekreftande PCR-test (test kan takast måndag, onsdag og fredag).

Koronatelefonen i Samnanger
Du treng ikkje lenger melda deg på koronatelefonen, men kan ringa om du treng hjelp eller har spørsmål: 966 26 968
Telefonen er open måndag, onsdag og fredag kl. 09:00-11:00
Om det er travelt på lina, kan du senda sms, så vert du oppringt.


Sist oppdatert: 28.02.2022
Publisert: 28.02.2022