HeimNyheiterOppdatering av smittesituasjonen i Samnanger veke 9

Oppdatering av smittesituasjonen i Samnanger veke 9

Smittetal for veke 9: 121
Smittetal for veke 8: 154
Smittetal for veke 7:106
Smittetal for veke 6: 41
Smittetal for veke 5: 23
Smittetal for veke 4: 21
Smittetal for veke 3: 27
Smittetal for veke 2: 14
Smittetal for veke 1: 2
Smittetal for veke 52: 0


Smittetrykket i Samnanger er framleis høgt. Det er noko tidleg å slå fast korleis smitteutviklinga er for tida, men det kan sjå ut som om me kan ha passert smittetoppen og er i ferd med å sjå synkande smittetal.
Som tidlegare er det spreidde tilfelle blant personar i alle aldersgrupper.
Sidan mars 2020 t.o.m. veke 9 er det påvist totalt 603 smitta med opphaldadresse i Samnanger.
Frå og med veke 7 vert berre dei som registrerar seg elektronisk på kommunen si heimeside ved positiv sjølvtest rekna med i dette talet.
Pga. denne nye registreringspraksisen kan tala frå og med veke 7 difor ikkje samanliknast direkte med smittetala for tida før. Det er likevel ingen tvil om at det frå veke 7 skjedde ei betydeleg smitteauke.

Trykk her for smittevernreglar og tilrådingar for Samnanger.

Elektronisk registrering
Alle som testar positivt på heimetest bør registrera seg elektronisk på kommunen si heimeside.
Her finn du også oversikt over kven som vert anbefalt bekreftande PCR-test (test kan takast måndag, onsdag og fredag).

Koronatelefonen i Samnanger
Her kan du ringa om du treng PCR-test eller treng råd og rettleiing.
Mob.: 966 26 968
Telefonen er open måndag, onsdag og fredag kl. 09:00-11:00
Om det er travelt på lina, kan du senda sms, så vert du oppringt.


Sist oppdatert: 07.03.2022
Publisert: 07.03.2022