HeimNyheiterOppdatering av smittesituasjonen i Samnanger

Oppdatering av smittesituasjonen i Samnanger

Det vart ikkje påvist nye smittetilfelle i veke 51 eller 52. I veke 1 vart det påvist èin smitta. Hittil i veke 2 er det påvist 8 nye smittetilfelle.
Publisert: 13.01.2022
Sist endra: 13.01.2022

Det vart ikkje påvist nye smittetilfelle i veke 51eller 52. I veke 1 vart det påvist èin smitta.

Smittetal for veke 1: 2
Smittetal for veke 52: 0
Smittetal for veke 51: 0
Smittetal for veke 50: 5
Smittetal for veke 49: 10
Smittetal for veke 48: 7
Smittetal for veke 47: 13
Smittetal for veke 46: 17

Etter eit par rolege veker på slutten av året, med lite og inga smitte, er smittetrenden i Samnanger no stigande igjen.
To personar er bekrefta smitta i veke 1.
Og i løpet av dei tre fyrste dagane i veke 2 er 8 personar registrert smitta.

Onsdag vart det påvist èin smitta elev på sjette trinn. Denne klassen vert no testa. Og det er sett i verk naudsynte tiltak mot dei tilsette.
Pr idag er det for tidleg å slå fast om det dreier seg om et utbrot på barneskulen.
Det er ikkje påvist smitte i barnehagane eller på ungdomsskulen.

Det er sidan mars 2020 påvist totalt 104 smitta med opphaldsadresse i Samnanger. Ein gjer merksam på at FHI (Folkehelseinstituttet) opererer med andre smittetal. Dette skuldast at FHI inkluderer smitta folkeregistrerte personar i Samnanger som ikkje bur i kommunen.

Trykk her for smittevernreglar og tilrådingar for Samnanger.

Koronatelefonen i Samnanger
Det er viktig at alle som testar positivt på sjølvtest melder seg på koronatelefonen; 966 26 968
Telefonen er open måndag – fredag kl. 09:00-14:00 og
laurdag/sundag/helligdag kl 10:00-12:00. Om det er travelt på lina, kan du senda sms, så vert du oppringt.