HeimNyheiterSmittesituasjonen i Samnanger pr. 23.11.2021

Smittesituasjonen i Samnanger pr. 23.11.2021

Det er pr. tysdag 23. november påvist sju nye smittetilfelle sidan førre oppdatering laurdag 20. november
Publisert: 23.11.2021
Sist endra: 23.11.2021

Det er pr. tysdag 23. november påvist sju nye smittetilfelle sidan førre smitteoppdatering laurdag 20. november.

Smittetrykket i Samnanger ser no ut til å stabilisera seg på eit høgt nivå, men ikkje utan stadig aukande smitte, slik me har sett dei siste vekene.

Utbrotet på barneskulen reknast som over.
Det er likevel nokre tiltak på barneskulen som framleis gjeld.

Dei nye smitta sidan laurdag er for det meste spreidde smittetilfelle eller husstands-nærkontaktar som har utvikla symptom.

Det er påvist til saman 35 smittetilfelle i Samnanger sidan sundag 07.november.
17 personar er framleis i isolasjon.

Situasjonen er framleis oversiktleg, men som i dei andre kommunane i Bergensregionen, er det høg risiko for at det vert påvist fleire smitta i Samnanger dei næraste dagane.

Alle naudsynte tiltak ovanfor dei smitta og deira nærkontaktar er sett i verk.
Dei som har born som bør halda seg heime frå skulen har fått særskild beskjed om dette.

Alle aktuelle personar, grupper, arbeidsplassar, fritidsaktivitetar m.m. som treng tiltak er altså varsla.

Det er sidan mars 2020 påvist totalt 62 smitta med opphaldadresse i Samnanger. Ein gjer merksam på at FHI (Folkehelseinstituttet) opererer med andre smittetal. Dette skuldast at FHI inkluderer smitta folkeregistrerte personar i Samnanger som ikkje bur i kommunen.

På grunn av høgt smittetrykk i Samnanger, har kommunen vedteke lokal forskrift om bruk av munnbind og registrering av gjester på serveringsstadar. Her finn du oversikt over reglar og tilrådingar: