HeimNyheiterPåmelding arrangement til Samningaveko 1. - 8. juni 2024

Påmelding arrangement til Samningaveko 1. - 8. juni 2024

Frå første til andre laurdag i juni 2024 er det Samningaveko igjen! Me ønskjer at innbyggjarar og tilreisande skal få oppleva både
gjesteartistar og lokal kultur i ulike delar av Samnanger. Me vil skapa møteplassar mellom bygder og generasjonar og håpar du vert med!

Tyssedagen laurdag 1. juni kl. 12.00-15.00 – påmelding bod/stand

Me treng å veta:

  • Namnet på laget, organisasjonen, eller verksemda og kontaktinformasjonen.
  • Kva du planlegg å selje, underhalda med, evnt. anna informasjon.
  • Send epost til Tyssedagen@gmail.com

Marknadsdag på Bjørkheim laurdag 8. juni kl. 11.00-16.00– påmelding bod/stand og generasjonsleikane.

For påmelding til bod/stand treng me å veta:

  • Namnet på laget, organisasjonen, eller verksemda og kontaktinformasjonen.
  • Kva du planlegg å selje, underhalda med, evnt. anna informasjon.

Eit av høgdepunkta under Marknadsdagen vil vera Generasjonsleikane, ein tradisjon me held i hevd for å fremja samhald og glede på tvers av generasjonar.
Ønskjer laget eller organisasjonen din å delta med ein eller fleire leikar?
Meld frå om deltakinga di og bli ein del av denne festlege tradisjonen.


Ønskjer du, organisasjonen din, laget ditt eller verksemda di å arrangera noko i løpet av veka?


Ta kontakt med oss for å verta ein del av programmet, og syte for at ikkje ulike større hendingar kolliderer:
Telefon: 47 46 55 10
epost: Samningaveko@samnanger.kommune.no
Facebook: Samningaveko


Av praktiske årsaker ber me om påmeldingar seinast 14. april.

 


Sist oppdatert: 11.03.2024
Publisert: 11.03.2024