HeimNyheiterQuatro Laks AS - offentleg ettersyn

Quatro Laks AS - offentleg ettersyn

Quatro Laks AS søker om endring av fortøyingspunkt for anlegg for oppdrett av matfisk på lokalitet 13020 Nygård i Samnanger kommune.
Aker BP og Equinor planlegg å forsyne norsk sokkel (feltane NOA og Krafla) med landstrøm, via ein sjøkabel. Denne kabelen kjem i konflikt med dei vestlege forankringane til søker sin lokalitet, og Quatro Laks AS søker derfor om å flytte desse forankringane.
Fortøyinga vil delvis gå inn i areal avsett til bruk og vern av sjø og vassdrag. Tiltaket fell inn under forskrift om konsekvensutgreiingar, jf. § 10.

Trykk her for å sjå heile søknaden

Innspel til søknaden kan sendast innan 4 veker frå denne kunngjeringa.
Adressa er: post@samnanger.kommune.no,
eller Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse.


Sist oppdatert: 11.05.2023
Publisert: 11.05.2023