Reduserte kommunale tilbod som følgje av koronapandemien
Covid-19-smittesituasjonen gjer at sjukefråværet i kommunen for tida er svært høgt. Dette gjer det veldig krevjande å oppretthalda normalt tenestetilbod på alle område. Kommunen må som følgje av dette dessverre truleg redusera tenestetilbodet noko på enkelte område i ein periode framover. Det blir gjort daglege vurderingar knytt til dette, og omsynet til liv og helse vil bli prioritert høgast.
Det første tiltaket som vil bli sett i verk, er redusert opningstid i dei kommunale barnehagane.
Redusert opningstid i barnehage
Det vart frå og med 24.02.2022 innført redusert opningstid i dei kommunale barnehagane. Opningstida er kl. 08.00 – 15.30. Ordninga med redusert opningstid gjaldt i følgjande periode:
- Dråpeslottet barnehage: til og med 09.03.2022
- Vassloppa barnehage: til og med 13.03.2022
For barn med særlege behov og barn med foreldre i kritiske samfunnsfunksjonar var det i heile perioden framleis tilbod om normal opningstid.
Andre aktuelle tiltak
Andre aktuelle mellombelse reduksjonar i kommunale tilbod var/er:
- Redusert tilbod i heimetenestene (praktisk bistand) i pleie og omsorg
- Stenging av symjehallen på Tysse
- Redusert snøbrøyting/brøytefrekvens på kommunale vegar