HeimNyheiterRegionale smitteverntiltak i kommunar i Vestland

Regionale smitteverntiltak i kommunar i Vestland

Regjeringa innfører regionale smitteverntiltak i Samnanger og fleire andre kommunar i Vestland frå fredag 03.12.2021 kl. 21.00.
Publisert: 03.12.2021
Sist endra: 04.12.2021

Regjeringa har vedteke å innføra forskrift om regionale tiltak i fleire kommunar i Vestland for å få ned smitten. Dette gjeld mellom anna Samnanger. Tiltaka gjeld frå fredag 03.12.2021 kl. 21.00 og inntil vidare. 

Pressemelding frå regjeringa 03.12.2021

Forskriftsteksten (kapittel 5A i covid-19-forskrifta)

Oversikt over tiltaka:

Desse regionale tiltaka vert innførte gjennom forskrift: 

  • Påbod om bruk av munnbind der det ikkje er mogleg å halde avstand minst ein meter avstand i butikkar, kjøpesenter, kollektivtransport og taxi. Plikten til å bruke munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre grunnar ikkje kan bruke munnbind.
  • Påbod om at arbeidsplassar der heimekontor er mogleg utan at det går utover viktige og naudsynte tenester, skal sørgje for at tilsette jobbar heimanfrå heile eller deler av veka.
  • Antallsbegrensninger for private arrangement innadørs. Inntil 100 personar på offentleg stad eller i leigde eller lånte lokale.
  • Plikt for serveringsstader og arrangørar til å ha system for å registrere gjester og for å varsle gjester om smitteeksponering.
  • Krav om bordservering av alkohol for serveringsstader og arrangement med skjenkeløyve.
  • Krav om sitjeplassar for serveringsstader med skjenkeløyve. Det kan maksimalt vere 600 i publikum på innandørs arrangement utan faste tilviste plassar. Dei skal delast i kohortar som ikkje er større enn 200.

Tiltaka er dei same som vart iverksette for Oslo kommune og fleire kommunar i Innlandet og Viken fylke 02.12.2021.

Forskrifta om regionale tiltak gjeld for følgjande kommunar i føretaksområdet til Helse Bergen:

  • Alver
  • Askøy
  • Austevoll
  • Austrheim
  • Bergen
  • Bjørnafjorden
  • Kvam
  • Osterøy
  • Modalen
  • Samnanger
  • Vaksdal
  • Voss
  • Øygarden