HeimNyheiterRegistrer deg for koronavaksine

Registrer deg for koronavaksine

Oppmoding til personar som er 65 år og eldre, 18-64 år med særleg høg risiko, og 55-64 år med underliggjande sjukdom/tilstand.
Publisert: 16.03.2021
Sist endra: 23.03.2021

Inntil vidare vil berre vaksinen frå PfizerBioNTech verte nytta i Samnanger. Vaksinen frå AstraZeneca er framleis sett på vent.

Denne veka avsluttar me vaksinering av gruppa frå 75 - 84 år. 

Me ber følgjande grupper om å registrera seg for vaksinering:   

  • Alle som er 65 år og eldre
  • 18 - 64 år med særleg høg risiko:
    • ​Organtransplantasjon
    • Immunsvikt
    • Hematologisk kreftsjukdom siste fem år
    • Annan aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift)
    • Nevrologiske sjukdomar eller muskelsjukdomar som medfører nedsett hostekraft eller lungefunksjon (for eksempel Downs syndrom og ALS)
    • Kronisk nyresjukdom eller betydeleg nedsett nyrefunksjon
  • 55 - 64 år med underliggjande sjukdom/tilstand:
    • Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon
    • Immundempande behandling ved autoimmune sjukdommar
    • Diabetes
    • Kronisk lungesjukdom (anna enn velregulert astma)
    • Fedme med KMI over eller lik 35
    • Demens
    • Kronisk hjarte- og karsjukdommar (med untak av høgt blodtrykk)
    • Hjerneslag

Om du er i tvil om du tilhøyrer ei av gruppene over tek du kontakt med fastlegen din. 

Anna alvorleg og/eller sjukdom som ikkje er nemnd i lista over kan også gje auka risiko for alvorleg sjukdom og død av covid-19. Dette skal vurderast av pasienten sin fastlege. 

Trykk her for meir informasjon om koronavaksine