HeimNyheiterSamarbeidsmøte mellom NAV og næringslivet

Samarbeidsmøte mellom NAV og næringslivet

NAV Samnanger ønskjer å bli betre kjent med næringslivet i
bygda, og inviterer alle bedrifter i kommunen til eit samarbeidsmøte.

NAV Samnanger har hatt dialog med Samnanger næringsforum, der målet er å utveksla kunnskap, erfaringar og fremja innovasjon.

NAV er ein arbeidsformidlar, og kan bidra med ulike tiltak, både til arbeidsgjevarar og arbeidstakarar, som lønstilskot, mentorordningar og kompetanseheving. Det er mellom anna dette me ønskjer å formidla til næringslivet.

Har du ei bedrift og ikkje har fått invitasjon?
Ta kontakt med Samnanger kommune på telefon 56 58 74 00


Sist oppdatert: 18.03.2024
Publisert: 18.03.2024